Per Sævik og familien har no aksjemajoriteten i Fjord1, og konsernet held fram med å levere knallgode resultat. Dei totale inntektene i andre kvartal i 2017 enda til slutt på 731,5 millionar kroner. Sett i forhold til fjordårstalet på 604,2 millionar, er det ei sterk forbetring. Både ein auke i volum og betre kontraktmarginar er årsakene til betringa i inntektsposten.

Selskapet har samstundes lukkast med å betre den totale omsetjinga og redusere den renteberande gjelda frå nesten 2 milliardar kroner per 30. juni i fjor til like over 1,8 milliardar kroner per 30. juni i år.

Eigenkapitaldelen har i tillegg auka frå 32 prosent frå i fjor til i år, noko som er godt innanfor lånevilkåra for konsernet si eksterne gjeld, som krev eigenkapitaldel på 25 prosent.

God omsetjing i første halvår

I tillegg til resultatet for andre kvartal, kunne Fjord 1 presentere resultatet for første halvår samla sett. Omsetjinga for første halvår i 2017 var på 1,37 milliardar kroner, samanlikna med like over 1,14 milliardar i fjor til same tid. Turistsegmentet blir tilskrive ein del av æra for denne auken.

Konsernet har i følgje rapporten 1,143 tilsette, 61 ferjer og 4 passasjerbåtar.