150 tilsette mister jobben i Rolls-Royce Marine i Noreg som følgje av vanskelege tider i offshorenæringa.

Dei tilsette fekk beskjed under eit allmøte torsdag, melder NRK.

– Dei som mister jobben, kjem frå ulike delar av organisasjonen. Mange er leiarar og administrativt tilsette, fortel kommunikasjonsdirektør Annette Bonnevie Wollebæk.

– No skal vi gjennom ein drøftingsprosess med fagforeiningane før vi får ein endeleg oversikt over korleis dette blir, fortset ho.

Ifølge Sunnmørsposten kjem oppseiingane seinast i tredje kvartal i år. For selskapet globalt dreier det seg i denne omgang om 400 oppseiingar.

Rolls-Royce Marine har før den siste nedbemanninga rundt 2.000 tilsette i Noreg – dei fleste i Møre og Romsdal, men også i Hordaland. I 2015 forsvann 300 av arbeidsplassane i Noreg.