REM Offshore fekk i midten av november eit lovbrotsgebyr på nesten ein halv million kroner for ikkje å ha behandla aksjonærar likt i samband med fusjonen med Solstad Offshore. Gebyret var den gongen på 493.800 kroner.

Oslo børs kunne 19. desember opplyse om at Rem slepp unna med å betale 329.200 kroner i bot. Dette beløpet tilsvarar to gonger årleg kursnoteringsavgift.

Rem anka bota fordi dei meinte at det faktisk var naudsynt å forskjellsbehandle aksjonærane på tidspunktet då fusjonen fann stad.

Åge Remøy sitt tidlegare selskap har no skifta namn til Solship Invest 1 AS, ifølgje Sunnmørsposten.