Verksemda er ei av distriktet sine leiande leverandørar av inneklimaanlegg til næringsbygg, offentlege bygg og industri. Hovudkontoret til Nordvest Miljø AS er på Blindheim, men verksemda har også avdelingskontor i Førde.

- For å kunne betene våre eksisterande og nye kundar betre har vi valt å etablere oss med eit avdelingskontor i Ulsteinvik, skriv Nordvest Miljø AS i ei pressemelding.

Selskapet har i dag 25 tilsette totalt. Avdelinga i Ulsteinvik får to tilsette, Egil Bigset og Torgeir Grimstad. Begge har over 15 år med praksis innan VVS-bransjen bak seg, og dei siste ti åra i Nordvest Kulde AS, opplyser Nordvest Miljø AS om i meldinga.