Det vert stor festivitas med flagg, musikkorps og sjampanje når kolossen Edda Freya vart døypt ved kai på Kleven i dag, fredag. Det er venta at rundt 120 inviterte gjester vi ta del i seremonien.

- Edda Freya har vore eit stort og krevjande prosjekt for Kleven, fortel kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

Båten, som er 150 meter lang og smekkfull av avansert utstyr, er det største offshorefartyet som nokon gong er levert frå Kleven.

Konstruksjonsfartyet har svært stor krankapasitet og er utstyrt med eit tårn som for legging av fleksible rør. Verdien på kontrakten er oppgitt til å vere 1,4 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Superkran skal testast ut på Edda Freya

Det er Østensjø Rederi som har tinga kjempeskipet. Kontrakta om bygging vart signert i oktober 2013 og i april 2015 kom dei første modlane til Kleven. Skroget vart sjøsett i august i fjor.

LES OGSÅ: Ei perfekt sjøsetting

Kven som skal vere gudmor i samband med dåpen er ikkje offentleggjort enno. Men for å skape retteleg feststemning er Hasund og Dimnøy skulekorps hyra inn for å spele under seremonien.