Oppkjøpet av Fjord1 vart ei gullgruve for Per Sævik og familien. Det skriv næringslivsportalen Nett.no. (Ekstern lenkje).

Holdingselskapet til familien, Havila Holding, hadde enorme 1,5 milliardar kroner i resultat før skatt i første halvår av 2017.

- Ja, det er ikkje alt som går dårleg på Sunnmøre, sjølv om det av og til ser slik ut når ein les kva som står i media, seier dagleg leiar Per Sævik til Nett.no.

Prisa til over fire milliardar

Havila Holding har i dag ein eigarspost på 51,5 prosent i Fjord1. Nedsalet av aksjar i selskapet gav Havila Holding mykje pengar på bok, og det har allereie ført til fleire investeringar. Seinast i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions, som Jogeir Romestrand er ein av medeigarane i.

Ferje- og transportselskapet er for tida prisa til over fire millardar kroner på børsen. Havila Holding har opparbeidd seg ein eigenkapital på 2,9 milliardar kroner. Havila Shipping, som holdingsselskapet til Sævik-familien er aksjemajoritetseigar i, slit framleis tungt, og måtte til dømes gjere nedskrivingar på skipa sine på rundt 2,5 milliardar kroner.