Ellen Skodjevåg Bø, Ragnar Hatlø, Robin Arvidsson, Åge Grimstad, Stine Johnsen og Rune Johansen.

Ifrå april 2012 vil kontoret vere fullt oppe å gå med tre tilsette i Marin Park på Raudeberg. – Ei naturleg utvikling for oss, seier dagleg leiar Åge Grimstad.

– Vi har tru på eit særs oppegåande næringsliv i Nordfjord, og som i tillegg har ynskt oss velkomen, seier Grimstad.

Ulsteinvik-selskapet har sidan i haust vore i aktivitet med å få ei avdeling av design- og marknadskommunikasjonsbyrået på plass i Måløy. Frå før har byrået arbeidd med reiselivsprosjektet ”Kapp det gode liv” i Nordfjord kommunane, ved sidan av å drifte kinoreklamen ved 6 kinoar i regionen.

Osberget vil gi det same tenestetilbodet frå nyetableringa, som frå kontoret i Ulsteinvik, og vil nytte personell frå begge stader. Satsinga rettar seg i hovudsak mot den maritime bransjen.

Med den nye etableringa vil Fantastiske Osberget passere 30 tilsette med verksemder i 5 byar i 3 land, innan grafisk design, marknadskommunikasjon og andre byråtenester.