Skipsverftet Armon i Gijón, Spania har inngått kontrakt for bygging av ein ny trålar for fiskeriselskapet Ramoen heimehøyrande på Vartdal. Fartyet er av Rolls-Royce design, type NVC 372, og kontraktsverdien for Rolls-Royce er 65 millionar kroner.

Den nye "Ramoen" vert bygd og utrusta for tradisjonelt fiske etter kvitfisk og reker og vil verte utstyrt med både botntrål og pelagisk trål.

– Dette er det andre designet av NVC-typen vi leverer til Ramoen. Vi er svært nøgde med denne kontrakten og set pris på det langvarige og gode samarbeidet vi har hatt med reiarlaget, seier Monrad Hide, leiar for fiske- og spesialfarty i Rolls-Royce.

Rolls-Royce leverer design samt hovudutstyr, inkludert mange av dei nyaste produkta frå Rolls-Royce.

I følgje Sunnmørsposten skal den noverande "Ramoen" overleverast til eit reiarlag i Sør-Afrika til sommaren. Båten er allereie solgt. Sunnmørsposten fortel at nyebåten skal overleverast 1. juli 2016.