Dei fire nye skipa til Hurtigruten skal utstyrast med topp moderne miljøløysingar.

– Bellona er stolte over å vere med på å forme skipa saman med Kleven Verft og Rolls-Royce, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Han understrekar at miljøteknologi til sjøs handlar om alt frå batteriteknologi, landstraum, solceller og biodiesel til energistyring om bord.

– At Hurtigruten no tar fatt på nybrotsarbeidet vil ta elektrifiseringa av maritim sektor eit stort steg framover, seier Hauge.

Bellona har tidlegare arbeidd med prosjektet Rensea, der dei var med på å utvikle fossilfrie framdriftssystem for båtturisme.