I fjor vedtok fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å selje 50 prosent av sine aksjar i holdingselskapet F1 Holding til Torghatten. F1 Holding eig 59 prosent av Fjord1.

Prosessen fekk deleigar Havila – med 41 prosent av aksjane – til å reagere, samstundes som det skapte splid i fylkespolitikken i Sogn og Fjordane. No stoppar Konkurransetilsynet det heile.

– Ferjesambanda utgjer ein sentral del av transportinfrastrukturen i Noreg. Sunn konkurranse om drifta av desse sambanda er viktig for å sikre ferjepassasjerar over heile landet eit godt tilbod til lågast mogleg pris, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet.

I ei pressemelding seier tilsynet at Torghatten-kjøpet ville ført til redusert konkurranse og auka kostnader for innkjøparane – som er Vegvesenet og fylkeskommunane.

– Auka kostnader kan igjen før til høgare billettprisar og dårlegare tilbod til passasjerane, påpeiker Nese.

Torghatten har prøvd med avhjelpande tiltak for å avgrense dei skadelege konkurranseverknadene, men Konkurransetilsynet har kome fram til at tiltaka ikkje er gode nok.