Wiik har med seg mange aksjonærar frå regionen. RTC Tech AS inngjekk nyleg ein samarbeidsavtale med hareidverksemda Jets, som har vore, og er pilotkunde for deira satsing innafor e-læring. Jets har lenge vore interessert i å få effektivisert opplæring i eigen organisasjon, men også i kontakt med eigne forhandlarar og kundar.

Dette omfattar såleis kunnskapsbygging i forhandlarledda og om bord i skip som brukar hareidverksemda sine produkt. For å nå kundar på skip blir det laga ei offline-løsying som er støtta av Innovasjon Norge. Vice President Bjarte Hauge i Jets Vaccum er positiv til samarbeidet og løysingane som bedrifta hans og RTC Tech AS har funne fram til. Brukervenlegheit har vore sentral i den utviklinga av løysinga som har skjedd siste året.

– Vi har eit omfattande og stadig aukande behov for opplæring, både for våre representantar og kundar. Tidlegare har dette vore løyst ved at «elevane» har kome til oss, eller at instruktørar har oppsøkt globale kundar og forhandlarar. Dette er kostnadskrevjande og ressursbindande. Difor har vi sett etter digitale, meir effektive løysingar, men klarte ikkje å finne ein plattform som fullt ut tilfredsstilte krava våre. Men med plattforma til RTC Tech AS, og deira satsing på e-læring, har vi saman vore med på å utvikle løysingar og vi er no i gang med å lage kurs som vi vil nytte internasjonalt. Dette er effektive løysingar som vi ser at bedrifter med liknande behov vil kunne bruke, og dermed kunne spare betydelege kostnadar, fortel Hauge entusiastisk.

Nøgd med Jets-samarbeidet

Dagleg leiar og hovudaksjonær Kjell Wiik i RTC Tech AS er svært nøgd med å ha samarbeida med Jets Vacuum i ein raskt veksande marknad. Wiik har eit tett samarbeid med fleire aktørar i vår region – også ulike investorar – og håpar at det opne investormøtet på Quality Hotel Ulstein måndag, vil samle mange av desse, og i tillegg trigge dei som ser moglegheiter i den nye, spennande forma for opplæring og kunnskapsformidling.

– RTC Tech AS har eit ferdig produkt. Vi har fleire kundar som vi leverer denne typen tenester til. I tillegg til Jets, har vi til dømes ulsteinverksemdene Sebastian AS og Revisorgruppen Møre. Kommersiell avtale med RevisorGruppen, der Revisorgruppen Møre er ein av 15 medlemmar, er basert på meir effektiv opplæring "live" og e-kurs, effektive videomøter, video-chat og dokumentdeling er stikkord for løysinga. Vi får mykje ros frå desse kundane for løysingane vi har utvikla for dei. Alt ligg til rette for at det kan bli mange fleire i denne regionen, seier Wiik, og legg til:

– Det viktigaste for RTC Tech AS på kort sikt er å hente inn 3 til 5 millionar kroner i fersk eigenkapital, for å styrke finansieringa, og dermed kunne stå godt rusta til å ekspandere i ein marknad der vi meiner å ha dei beste og mest brukarvennlege løysingane. Dette vil vi fortelje meir om på investormøtet måndag, avsluttar Kjell Wiik.

Samarbeid med Conexus

Ellers har RTC inngått samarbeidsavtale med Conexus i Drammen som er ein leiande aktør innan EdTech i Europa. Dette basert på at selskapa har komplementære produkt  -  «e-læringsplattform» og «learning analytics» og ein kan krysselje løysingane. Saman har selskapa levert sine første anbud mot offentlig sektor der behovet er raskt veksande. Adminsitrerande leiar i Conexus, som blir å treffe på møtet i Ulsteinvik, satsar på kursmarknaden basert på RTC sin plattform og rosar samarbeidet og løysinga som no er i drift både i Norge og i Asia. Conexus har levering av nasjonale løysingar til alle kommunar og skular i Norge og har levert dette sidan 2002. RTC har også tett samarbeid med Høgskolen i Buskerud og intensjonsavtale med det fremste teknologiuniversitetet i India, IIT Khargpur.

- Testing i India har vore positivt og vi har no eit produkt med konkurransefortrinn også internasjonalt. Satsinga i den internasjonale marknaden blir saman med partnarar som Conexus. Fokuset no er vekst i Norge, seier Kjell Wiik til slutt.