Dagleg leiar ved Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide, kunne fredag presentere den nye logoen og profilen til verftet. På slaget 12 fekk dei tilsette sjå det nye uttrykket til verftet, under ein seanse i kantina.

- Denne endringa er ein naudsynt konsekvens av det som skjedde tidlegare i sommar, seier Inge-Jonny Hide til Vikebladet Vestposten.

Det blei nemleg klart 11. juni under informasjonsmøte for dei tilsette ved Kleven Verft og Myklebust Verft at dei to verfta skulle skiljast. Det vil seie, Hurtigruten-eigde KVE Holding tok over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft, medan Myklebust Verft framleis skulle vere eigd av dei eigarane som utgjorde eigarstrukturen ved kapitalinnhentinga i 2017.

Etter dette har altså Myklebust Verft ikkje noko å gjere med Kleven-namnet å gjere lenger. Ikkje anna enn at nokre av medeigarane er medlemmar av Kleven-familien, og at Kjersti Kleven sit i styret.

- Noko må vi nesten gjere for å skilje oss frå det som har vore. Kleven høyrer som kjent no berre til Kleven Verft, formelt sett. I dag heisar vi nye flagg, med vår nye logo, seier Hide.

Som også fortel at ei ny nettside, myklebustverft.no, no er operativ.

Skapt av Ulsteinvik-bedrift

Dagleg leiar Hide fortel at han er svært godt nøgd med arbeidet som har vore gjort for å gje verftet i Gursken ein heilt ny "look".

- Vi er godt nøgde med korleis dette ser ut, og set stor pris på godt arbeid frå Therese Myrene Aurvåg frå Tegneren, seier Hide.

Det er altså nemnde kreatør som har skapt den nye logoen i samråd med Myklebust Verft. Ho har lang røynsle frå faget, og har skapt mange kjende logoar, også her i nærområdet. Til dømes logoen til Ulstein Arena.

- Vi har hatt ein relasjon til Kleven gjennom mange år, og det var vi som redesigna deira logo i si tid. No var dette for Myklebust som ikkje lenger er ein del av Kleven-konsernet, men det har vore eit veldig kjekt oppdrag for oss. Vi likar å få starte heilt på nytt hos ei bedrift som har ei sjel og ei historie å fortelje, seier Therese Myrene Aurvåg og legg til:

- Dette har handla om å finne sjela i verksemda, og formidle ho med enkle former. Dette "vi"-et, som er større enn ein og ein åleine, det er viktig. Vi tenkte også at vi ville lage eit ungt og dynamisk uttrykk.

Slik vil det sjå ut på sida av den store dokka ved Myklebust Verft. Foto: Tegneren.