Ei av dei mest tradisjonsrike forretningane i Ulsteinvik, Eiken Bok & Papir AS, aviklar drifta frå i dag av. Verksemda vart oppretta av Arne J. Eiken i 1961.

Dagleg leiar ved verksemda, Øystein Muren, fortel på Eiken Libris sine nettsider at det er med tungt hjarte dei no stenger dørene.

- Det er trist, men samstundes er eg stolt over den bokhandelen vi har drive. Eg vil takke alle kundane våre, styret, gode vener og samarbeidspartnarar opp gjennom åra, skriv Muren.

- Då vi tok over firmaet i 2012 drog vi med oss gamal gjeld, noko som gjorde drifta tung frå dag ein. Dette, saman med ein del andre kritiske faktorar, har gjort det umogleg å drive den forma for bok- og papirhandel vi ønskjer å drive - dervi hadde fokus på service, fagkunnskap og tilgjenge, forklarer han.

Muren kjem også med ei oppmoding:

- Ta vare på dei lokale butikkane som er igjen i regionen. Saknet etter dei kjem oftast ikkje før dei er borte - og då er det for seint. Ein by utan eit levande sentrum er ein fattigare by!