Styreleiaren i Kleven, Kjersti Kleven, er i dag vald til styreleiar i Norsk Industri.

Norsk Industri er NHO si største landsforeining og arbeider for industriverksemdene sine interesser. Dei tilsette i verksemdene som er tilknytta Norsk Industri utgjer omlag 25 prosent av dei samla årsverka i NHO sine medlemsbedrifter. Norsk Industri organiserer rundt 2200 verksemder med ca. 125.000 tilsette over heile landet.

- Eg takkar for tilliten og går til arbeidet med stor respekt og audmjukheit overfor alle medlemmane i Norsk Industri. Med brei erfaring frå bransjesamarbeid og tre år i Norsk Industri sitt styre bak meg, gler eg meg og veit at dette vil bli veldig spennande, seier Kjersti Kleven i ein uttale til Norsk Industri sine nettsider.

I følgje organisasjonen sin nettsider peiker Kleven på tre viktige vilkår for at industrien skal vekse vidare:

Det eine er at industrien får rammevilkår som stimulerer til investering.

Dernest at det vert satsa på utdanning og nært samarbeid mellom skule og næringsliv.

Til sist at det vert etablert gode samferdselsløysingar, noko som Kleven meiner er avgjerande for vidare vekst i dei sterke innovasjonsmiljøa innan til dømes marin industri, maritim industri og oljeservice.