Island Offshore fekk i dag, torsdag 19. juni, overlevert plattform forsyningsfartøyet M/V Island Dragon frå verftet Vard Brevik. Dette er det fjerde fartyet av denne typen Verd Brevik leverer til Island Offshore på under eit år, og enda to er i kjømda.

Fartyet er av Rolls-Royce UT 717 CD design, og er i tillegg til god lastekapasitet utstyrt for brannbekjemping (FiFI2), samt  som beredskapsfarty.

I går var det stor ståhei ved verftet i Brevik då bygdefolket og dei tilsette ved verftet var inviterte om bord. Drøye 500 personar kom på besøk, og fekk omvisning av mannskapet som nyst har mønstra på Island Dragon. På kaia stod verftet for servering til alle oppmøtte, i tillegg til konkurransar, hoppeslott og gåver til borna. Førstkomande laurdag vert det dåp ved verftet, før Island Dragon tek gjestane til Kragerø for vidare markering av den store dagen.

- Det er sjeldan vi tek levering av ein båt som er så komplett og fiks ferdig som denne gongen. Island Dragon framstår som eit prakteksemplar, og verftet og mannskapet skal ha all ære for at båten ser så flott ut i dag. Vi er stolte av å kunne vise fram Island Dragon, og føler oss trygge på at kunden vil motta ein båt dei vert nøgde med, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Båten har kontrakt med Lundin Norway, der han skal operere på Edvard Grieg feltet. Kontrakta gjeld for 12 brønnar, og arbeidet tek til over sommaren. Lundin Norway har også riggen Island Innovator på kontrakt, samt dei to gassdrivne supplyfartøya Island Contender (UT 776 CDG) og Island Crusader (UT 776 CDG) som bistår riggen.

Island Offshore har i dag 25 båtar i operasjon, og sju under bygging, fem av desse ved Vard Brevik.