Kongsberg Evotec AS, tilhøyrande Kongsberg Maritime, har fått kontrakt på utvikling av ei dekksløysing for handtering av opptil 20 lyttekablar på eit seismikkskip som skal byggast for GC Rieber. Kontrakten er tildelt av Kleven, opplyser Kongsberg Evotec i ei pressemelding fredag.

Avansert teknologi

ST324XT designen kjem frå Skipsteknisk i Ålesund, og skal byggjast av Kleven ved Myklebust verft i Sande kommune. Skipet vil bli operert av Dolphin Geophysical i Bergen.

Fartøyet kan taue opptil 20 lyttekablar, og har den mest avanserte teknologien for handtering av kablar, leidningar og tau. Kvar kabelvinsj kan ta inntil 12 kilometer kabel, noko som gir fartøyet høg 3D-kapasitet.

Leveransen omfattar dekksutstyr som er nødvendig for trygg og effektiv handtering for alle som handterer seismisk utstyr.

Levering i 2014

Kongsberg Evotec flytta inn i splitter nye lokale med produksjonshall i Saunesmarka i Ulsteinvik hausten 2012.

– Vi vil nytte våre nye produksjons- og testfasilitetar for å levere prosjektet på avtalt tid og i samsvar til spesifikasjonane, skriv Kongsberg Evotec i pressemeldinga.

Levering av systemet er venta å skje våren 2014.