Som selskapet beskriv det sjølv har MMC Kulde på Vigra og i Tromsø kome seg gjennom nålauget i Russland, og vunne ein stor kontrakt til ein verdi på opp i mot 100 millionar kroner, på levering av lastfryseanlegg til fire frysetrålarar til Murmansk. Båtane er under bygging ved verftet JSC Leningrad Shipyard Pella som ligg utanfor St. Petersburg. Det skriv Havyard Group i ei pressemelding.

- Ikkje lett

Det er det russiske reiarlaget Murmanseld 2 som skal ha dei nye trålarane.

- Det er ikkje lett å kome inn på den russiske marknaden. Lange, gode relasjonar mellom reiar, skipskonsulent og MMC har vore utslagsgjevande for å vinne denne kontrakten. I tillegg bekreftar det kvaliteten på produkta våre. Vi er veldig glade og audmjuke for å ha klart å lande denne kontrakten med fire leveranser til ein og same kunde, seier salsansvarleg i MMC Kulde, Petter Kåre Grytten.