Avdelingsleiar og eigedomsmeklarfullmektig i EiendomsMegler1 Søre Sunnmøre, Eva Haugen Øye viser veg ut i hagen i Skjervhola 8 i Ørsta. Ute står fotograf Kristin Eide med eit avansert kamerastativ og fotograferer utsikta frå eigedomen i såkalla panoview. Ein metode som gjer det mogeleg å studere bustaden og utsikta i 360 grader. Kristin driv eige fotostudio i Eid, men gjennom firmaet H5 Property er ho også fotograf for meklarfirmaet på Søre Sunnmøre.

– Det er ein heilt annan måte å fotografere på enn det som har vore tradisjon tidlegare. Dette gir bilde som gjer at bustaden som er til sals vert presentert på ein meir ærleg måte, utan vidvinklar og stillbilde, men med bilde som gjer at dei som er inne og kikar på bustaden via nettet kan få kjensla av å vere i rommet og få ei oppleving av storleik og romplassering. Det er både ein ny og kjekk måte å tenke bilde på, seier den erfarne fotografen.

I år er det også ti år sidan meklarfirmaet etablerte seg i området, og dei har gått frå ein til fire tilsette, lokalisert i Volda.

– Men vi har heile Søre Sunnmøre som nedslagsfelt, og har ansvaret for kvar våre område, forklarer Eva, og fortel at dei har opplevd god vekst i 2016, og at satsinga deira betalar seg.

– Vi ser variasjonar i pris og etterspurnad i regionen, men ting er i ferd med å ta seg opp no. Pris og etterspurnad på bustadar heng ofte saman med situasjonen i arbeidslivet, og her har det som kjent vore tøffe tak siste par åra.

EiendomsMegler1 Søre Sunnmøre har sidan 1. juni hatt tilbod om panoview til sine kundar, og tilbyr det som ein fast del av fotopakken.

– Panoview ligg lett tilgjengeleg på Finn.no, og vi rår interessentar til å nytte mobil eller nettbrett for å verkeleg få sett kvaliteten på produktet.

Og i kjent sunnmørs-stil vert det sjølvsagt feira at firmaet er ti år i år.

–Vi slår til med ein kampanje for dei som har planar om å selje bustad det komande året, der fotograf og pano-view er inkludert i prisen. Det er berre å teikne seg i løpet av juli månad, seier Eva.

Til trass for litt tronge økonomiske tider på Sunnmøre, erfarer meklarane at det framleis er behov for deira kompetanse.

– Mange tenkjer at dei vil selje bustaden sin sjølve, men slik vi ser det er det få som vil kjøpe privat. Vi trur at jobben som eigedomsmeklar er viktig for at alt skal verte gjort på ein rett måte, og i tillegg sparer folk seg for mykje papirarbeid som vi kan ta oss av. Men det er viktig at vi følgjer med i tida, fornyer oss og held oss oppdaterte. Det føler vi at vi gjer med denne satsinga.

<strong>Fotograf:</strong> Kristin Eide har studio på Nordfjordeid, men jobbar for Eiendomsmegler1 Søre Sunnmøre gjennom firmaet H5 Property. Foto: Janne-Marit Myklebust