Bergens Tidende og fagforeininga Industri Energi gjennomførte nyleg ei spørjeundersøking der 56 prosent av dei som har floge helikopter minst ved eitt høve svara at økonomiske kutt dei siste månadane har gitt negativt utslag på helikoptertransporten. Også frå Søre Sunnmøre er det fleire som jobbar på plattformar utanfor norskekysten, og som nyttar heilkoptertransport ut på felta.

Helikopterstyrten ved Turøy i Hordaland har nok også hatt ei medverkande årsak til det høge talet. Her miste 11 tilsette og mannskapet på 2 livet.

34 prosent meiner på si side at helikoptertransporten ikkje har blitt påverka, medan berre éin prosent meiner effekten har vore positiv.