Det er utan tvil at Sogn og Fjordane styrker posisjonen som eit nasjonalt maritimt tyngdepunkt når Fjord1 bestiller tre elektriske ferjer med design frå Sunnfjord og bygging på verft ved Sognefjorden.
Ferjene har design frå Multi Maritime i Førde og blir bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Hyllestad kommune.
Arbeidet med ferjene startar umiddelbart, og den første ferja skal leverast i midten av mai 2018. Dei to siste skal vere klare mot slutten av 2018. Det første skroget vil vere klart for utrustning i Leirvik mot slutten av 2017. Kontrakten har ein total verdi på rett under ein halv milliard kroner.
– Det er svært gledeleg at Fjord1 har valt Havyard Ship Technology til dette oppdraget. Kontrakten viser at vi er konkurransedyktige i særs sterk konkurranse med både norske og utanlandske verft. Vi håper og trur at dette berre er starten på eit langt og godt forhold til Fjord1, seier salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen.
Grøn tankegang
Fram til 2020 skal Fjord1 setje i gang drift i ni samband der miljøvenleg teknologi er viktig. To av ferjene som skal byggjast ved Havyard Ship Technology skal inn på Brekstad-Valset, der Fjord1 tar over som operatør i 2019, medan ei ferje skal gå mellom Husavik og Sandvikvåg i Hordaland.
– Vi er særs godt nøgde med å inngå eit samarbeid med eit norsk verft som er konkurransedyktige på innovasjon, kvalitet og pris. Det er spesielt hyggjeleg at verftet har tilhald i Sogn og Fjordane. Kontrakten viser at vi vil vere fleire aktørar i fylket som speler ei verdsleiande rolle i det grøne skiftet i maritim næring, seier André Høyset, konstituert administrerande direktør i Fjord1.