Så tidleg som laurdag vart PSV-skipet "Rem Leader" døypt ved Kleven Verft i Ulsteinvik, kor Kjersti Kleven var gudmor. Skipet er at typen VS 499 LNG og vil bli levert frå Kleven Verft AS 3. januar 2013.  I dag måndag, fortel reiarlaget Rem Offshore at dei har teikna ein fraktavtale med Lundin AS for ei fast varigheit på fem eller seks brønnar, estimert til 500 dagar for "Rem Leader".Befraktar har vidare opsjon for ytterlegare tre  brønnar.

Kontrakten er inngått på marknadsmessige vilkår.