Frå venstre; Jon Olav Kopperstad (VP Offshore Supply & Subsea), Dagfinn Vattøy (salssjef OS&S), Eileen Hareide Brandal (VP After Sales & Service), Tormod Olsen (Site Manager Molde OS&S) og Einar Støvereide (salssjef OS&S).

Sommaren 2011 kjøpte Kongsberg Maritime AS, som er eit heileigd dotterselskap av Kongsberg Gruppen, opp Evotec, som held til i Herøy og Ulstein. Bedrifta utviklar og leverer teknologiske handteringssystem for den maritime industrien, mellom anna til seismikk, undervass- og supplymarknaden.

Oppstarten av avdelinga i Molde er eit ledd i å styrke Kongsberg Evotec si satsing innan Offshore Supply?Subsea. Den nye avdelinga er bygt opp av folk med lang erfaring innan dette fagområdet, og er alt i gang med utvikling av nye produkt.

Både standard og kompliserte

– Kran og løft er eit spanande fagområde som omfattar både standard løftekraner og løfteinnretningar som må utviklast for å utrette kompliserte løfteoperasjonar. Intensjonane med denne satsinga i Kongsberg Evotec er at me skal utvikle oss til å vere ein leverandør som dekkje båe desse segmenta, seier Site-leiar Tormod Olsen.

I første omgang vil verksemda kunne levere dekkskraner, offshorekraner og Subsea-kraner opp til 400Tm kapasitet.

VP Offshore Supply&Subsea Jon Olav Kopperstad seier dei startar opp denne avdelinga for dei ser moglegheita til å kunne tilby produkt og tenester som dei trur marknaden vil spørje etter.

Til arktiske strøk

Dette er kraner som er utvikla til å ivareta krav og utfordringar for mellom anna arktiske strøk, der dei legg vekt på miljø og tryggleik. Vidare har dei ei sørvis- og ettermarknadsavdeling med kompetente folk som dei trur kundane vil setje pris på.

Avdelinga i Molde blir starta opp med fem personar, men varslar alt no at avdelinga vil vekse utover 2012.

Den nye avdelinga i Molde skal utvikle produkt innan kran og løft.