DeepOcean skal i arbeid for Repsol Norge på Varg-feltet, der dei mellom anna skal levere ingeniørtenester, førebuingar, fjerning og deponering. Det skriv Maritime.no.

Selskapet fortel at Edda Freya, bygd ved Kleven Verft, blir viktig i denne kontrakten. DeepOcean leiger dette skipet av reiarlaget Østensjø Rederi.

- I tillegg er Edda Freya, vårt nye konstruksjonsskip som blir klart for overlevering i andre kvartal 2016, spesialdesigna for kombinasjon av ulike subseaoperasjonar og særs kostnadseffektivt for dette arbeidet, seier Rolf Ivar Sørdal i DeepOcean i ei pressemelding.