Etterspurnaden etter brønnbåtar er sterkt aukande, og fleire og fleire slike båtar blir døypte. Dette skuldast at fleire ønskjer å eige og drifte eigne brønnbåtar i kampen mot fienden, lakselusa. Det skriv Maritime.no.

Frå fleire hald nærmar ein seg no ei løysing på lakselusproblema, men det blir likevel bygd mange nye brønnbåtar. Brønnbåteiernes Forening fryktar derimot ikkje at det skal bli for mykje tonnasje på sjøen.

Fleire brønnbåtar er under bygging, og nye ordrar tikkar stadig inn. Mellom anna så har Sølvtrans tinga to båtar av Kleven, som skal byggast ved Myklebust Verft. Brønnbåtane skal leverast i mars 2017 og september 2017.