Olympic Shipping opplyser i ei pressemelding onsdag morgon at dei har inngått kontrakt med ein internasjonal kunde for Olympic Octopus. Dermed kan skipet, som har lege i opplag i Breivika i Ålesund, endeleg kome i arbeid igjen. Kontrakta har ein lengde på 12 månader pluss ein opsjon på 4 gonger 6 månader.

Oppstarten på kontrakta blir i juli, og arbeidet vil bli i Nordsjøen, opplyser selskapet.