Selskapet jobbar no saman med Clarkson Platou for å forhandle med bankane og långivarane, då "Island Innovator" ser ut til å kunne bli liggande ei god stund i opplag. Det skriv Nett.no.

For etter at selskapet skreiv ned verdien på riggen med heile 370 milliardar kroner, og selskapet nesten gjekk like mykje i underskot i fjor, blir ikkje lånevilkåra ovanfor bankane og kreditorane oppfylte. Det kjem fram i ein førebels årsrapport for Island Drilling for 2015.

Ulsteinvik-baserte Island Offshore, med brørne Morten og Håvard Ulstein i spissen eig store delar av selskapet. Selskapet har også medeigarar som investoren Trond Mohn.

Problemet for Island Drilling oppstod då Lundin Petroleum valde eit anna selskap, islandske Ocean Rig, etter at leigekontrakten med det svenske oljeselskapet gjekk ut.