Dåpsfesten blei heldt ved verftet Oceana i byen Itajai i Brasil onsdag. Ifølgje Havyard var det mange gjestar frå inn- og utland, i tillegg til finansfolk og representantar frå brasilianske bankar.

Joyce Moreno, som er ein brasiliansk songar og komponist, var gudmor for båten.

Direktør Edson Souki fortalde i ei pressemelding frå Havyard at han er svært fornøgd med prosjektet og at han ser fram til å få skipet i arbeid så raskt som mogleg. Verftsdirektøren, Paul Kempers, skrytte av det gode samarbeidet mellom verftet og Fosnavåg-baserte Havyard. No skal båten vidare til Rio de Janeiro for nokre siste testar.

Satsar i Brasil

Havyard byrja å marknadsføre Havyard 843-designen i den brasilianske marknaden i 2012, og hausten 2014 skreiv Havyard si første kontrakt med levering til nemnte Grupo CBO. Dette er det største offshorereiarlaget i Brasil. Denne kontrakten var på fire båtar med Havyard 843-designen pluss utstyrspakkar. I 2016 bestilte Grupo CBO ytterlegare to båtar med same designen.

Den nye Havyard 843–designen representerer ei heilt ny AHTS-klasse. Denne er tilpassa brasilianske forhold, noko som mellom anna betyr at båtane har større plass på dekk til meir utstyr og ein stor side-ved-side-vinsj som mogleggjer sikker og effektiv sleping og andre ankerhandteringstenester for flytande offshoreinstallasjonar.

Frå venstre ser ein Senior Purchaser Kjell-Peder Overvåg frå Havyard, administrerande direktør Edson Souki frå CBO, Director Oceana Paul Kempers frå CBO og administrerande direktør Geir Johan Bakke frå Havyard. Foto: Havyard.