Hamburgarar og andre kjøttprodukt har inneheldt bakteriar som er identiske med dei som har gjort folk sjuke, viser utbrotsetterforskinga gjort av Mattilsynet, Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet og kommuneoverlegar.

– Det viktigaste du kan gjere for å unngå å bli sjuk, er å gjennomsteikje hamburgarar og andre kjøttdeigprodukt, og å ha god kjøkkenhygiene, seier seniorrådgivar Catherine Signe Svindland i Mattilsynets seksjon for biologisk mattryggleik til NTB.

Det er så langt påvist smitte hos 20 personar. Fleire enn halvparten av dei smitta er barn under 13 år, og 7 av desse har utvikla alvorleg sjukdom.

– Dette er ein alvorleg situasjon, og mange små barn har vorte svært sjuke. Dette er det største EHEC-utbrotet vi har hatt i Noreg, seier seksjonsleiar Susanne Hyllestad i FHI.

Barn og gravide spesielt utsett

Det er E. coli-bakterien EHEC som har ført til sjukdom. Den smittar svært lett mellom folk, og ikkje alle har symptom på sjukdommen, ifølgje Mattilsynet. EHEC-bakteriar kan gi diaré som kan vere blodig. Dette kan vare i fire til ti dagar hos vaksne og noko lengre tid hos barn.

– Alt rått kjøtt inneheld bakteriar, og nokre av desse kan gjere deg sjuk. Utsette grupper som små barn, gravide og andre med nedsett immunforsvar, kan bli svært alvorleg sjuke, seier Svindland.

EHEC finst hos enkelte storfe og sau og kan komme over på kjøttet under slakting, frå hud, mage, tarm og avføring. Hamburgarar, kjøttdeig, karbonadedeig og andre farseprodukt kan ha slike bakteriar i seg.

– E. coli-bakteriane døyr ved sterk varme, men overlever frysing. Derfor må både ferske og frosne produkt bli gjennomsteikt. I tillegg er det viktig å hugse å vaske hender og utstyr etter handtering av både ferskt og frose kjøtt, seier Hyllestad i FHI.

Mattilsynet oppfordrar alle til å gjennomsteikje kverna kjøtprodukt og sørgje for at anna kjøtt som biff er godt steikt på overflata. Foto: Paul Kleiven / NTB/ NPK

– Kverna kjøtt må gjennomsteikjast

Mattilsynet tilrår at hamburgarar, kjøttdeig, karbonadedeig og andre farseprodukt blir gjennomsteikte slik at dei skal vere trygge. Med gjennomsteikt meiner ein kjernetemperatur på minimum 70 grader.

Hamburgar er kverna kjøtt og er ikkje biff, understrekar Svindland. Forskjellen er at bakteriane berre er på overflata av kjøttstykka, derfor vil eit biffstykke vere trygt når overflata er godt steikt.

– Når kjøttstykka blir kverna, blir bakteriane på overflata jamt fordelte i heile produktet. Dette gir bakteriane gode vekstvilkår og gjer at produkt av kverna kjøtt har kort haldbarheit. Slike produkt skal derfor gjennomsteikjast før servering, seier Svindland

Restaurantar har ansvar for at hamburgarane dei serverer, er trygge.

Mattilsynets og FHIs råd for å unngå smitte

* All farsemat (kjøttdeig, hamburgarar, kjøttkaker) skal vere godt gjennomsteikt eller gjennomkokt.

* Heile stykke av kjøtt (biff, steik, filet og liknande) bør vere godt steikt på overflata.

* Vask hendene godt dersom du har teke på kjøtt og kjøttprodukt, også dei frosne.

* Unngå upasteurisert mjølk og produkt laga av upasteurisert mjølk.

* Grønsaker som skal etast rå, bør skyljast godt og tørkast.

* Oppbevar maten ved kjøletemperatur (+4°C).

* Vask hender etter toalettbesøk, etter kontakt med dyr og før matlaging og måltid. EHEC smittar svært lett mellom menneske.

* Vask knivar, skjerefjøler og kjøkkenutstyr som har vorte forureina av rå og frosne råvarer, før utstyret blir brukt til annan mat.

(©NPK)