Den siste tida har Island Offshore-fartøyet Island Constructor gjennomført ein jobb for Erin Energy på Oyo-8-brønnen utanfor Nigeria. No er oppdraget fullført og skipet har sett kursen mot heimlege trakter.
Island Constructor har gjennomført lett brønn intervensjonsservice på Oyo-8 og har fått opna ein sub-surface sikkerheitsventil, skriv Island Offshore på sine nettsider. Dei skriv at arbeidet vart gjennomført på tida og innanfor budsjett.
Fartøyet skal dei komande månadane i arbeid for mellom anna A/S Norske Shell på Draugenfeltet, og på den britiske kontinentalsokkelen for BP Exploration Company LTD.