Gunvor Ulstein går ut av styret i Rem Offshore ASA. (arkivfoto) Foto: Anne Gry Eilertsen

Dei som sit i styret i dag er: Kjell Storeide (leiar), Anne Breiby, Gunvor Ulstein og Dag Erik Rasmussen.

På den ordinære generalforsamlinga i 2011 var ikkje val av styremedlemer oppe som sak. Styret har difor vore uforandra.

Men no blir det kalla inn til ekstraordinær generalforsamling for å gjere utskiftingar i styret.

Gunvor Ulstein og Dag Erik Rasmussen har stilt plassane sine til disposisjon og trer ut av styret. Valnemnde innstiller på at Torsteinn Baldvinsson og Maria Remøy Aurvåg blir valt inn i styret.

Litt om dei to nye

Maria Remøy Aurvåg (1974) er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole. Ho jobbar som controller i Rem Maritime AS. Ho har tidlegare vore mellom anna crew coordinator i Rem Maritime AS og førstekonsulent ved Reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet i Bergen. Aurvåg sit i valnemnde for Rem Offshore ASA og har styreverv i Remøy Fiskeriselskap AS og i Rem Invest AS.

Valnemnda opplyser om at Aurvåg ikkje deltok i vurderinga og avrøystinga av sitt eige kandidatur til styret.

Torsteinn Baldvinsson (1952) er ein av grunnleggjarane og eigarane av Samherji Ltd., som er Island sitt leiande fiskeriselskap. Han representerer også ein større aksjepost i Rem Offshore ASA. Han er utdanna “Masters `s Certificate” frå College of Navigation i Reykjavik. Han er utdanna sivilingeniør frå universitetet i Trondheim. Valnemnda kan òg orientere om at han har fleire viktige styreverv.

Vil vurdere kandidat frå Olympic

Olympic Ship AS og Olympic Nor AS, som til saman eig 9,12 prosent av aksjane i selskapet ønskjer også ein representant i styret. Valnemnda finn det ikkje unaturleg at også ein eventuell kandidat foreslått av Olympic blir vurdert inn i styret. Då vil ein samstundes vedtak å auke talet på styremedlemer til fem (noko vedtektene opnar for). Ein kandidat frå Olympic vil bli nominert i forkant av eller på den ekstraordinære generalforsamlinga.