Foto: (c)Rolls-Royce

Taubåtane vil vere utstyrte med det siste av teknologi for å sikre miljøvennleg drift, og er eit viktig sted vidare innan taubåtmarkedet når det gjeld framdrift.

- Denne kontrakta er eit gjennombrot for gassmotorane våre i taubåtmarkedet, og gir oss bekreftelse på at motorytelse i form av responstid, drivstofforbruk og lavt metanutslepp er viktig for kundane våre, seier Robert Løseth, Rolls-Royce Senior VP- Propulsion and Engines, Merchant.

I tillegg til to gassmotorar og eit tanksystem for flytande naturgass (LNG), skal Rolls-Royce også levere framdriftsystem til dei to taubåtane.

- Desse båtane er dei fyrste som tek i bruk dei nye US35 azimuth thrusterane til Rolls-Royce, noko som vil gi ei ultimat responstid på manøvrering. Dette er særs viktig for taubåtar. Framdriftssystemet vil også gi det lavast moglege drivstofforbruket i alle operasjonsmodusar, seier Løseth.

Rolls-Royce skal også levere automasjon og kontroll system.

Buksér og Berging AS er eigar av dei to båtane, som vil få som oppgåve å eskortere frakteskip for gass til og frå kai ved prosessanlegget på Kårstø. Taubåtane skal driftast av Statoil på vegne av operatøren Gassco AS.