– Det viser lyspunkta i ein vanskeleg situasjon for verftsindustrien, så dette er bra for heile Vestlandet å la seg inspirere av, seier statsminister Erna Solberg, som deltar i feiringa i Ulsteinvik.

Kleven verft på Sunnmøre har ferdigstilt kontrakten med Hurtigruten om å byggje to nye skip, med moglegheit for levering av ytterlegare to skip.

– Det dreier seg om ein kontrakt til ein verdi av fleire milliardar. Det er den absolutt største investeringa Hurtigruten har gjort gjennom tidene, seier konsernsjef Daniel Skjeldam til NTB.

Kleven verft vann den internasjonale konkurransen der 11 andre verft også deltok, og båtane vert i første rekke bygde for å gå som cruiseskip i Arktis.

– Dette skal bli dei råaste ekspedisjonsskipa i heile verda, og komforten skal vere i verdsklasse, lovar Skjeldam

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med meir om Hurtigrutekontrakten til Kleven.