Design og utstyrskontrakta gir arbeid både for Havyard Design & Solutions og fleire underleverandørar i regionen, skriv selskapet i ei pressemelding. Verdien på kontrakten er i overkant av 70 millioner NOK.

Utstyrspakken inkluderer DE fremdriftssystem frå Norwegian Electric Systems AS der Havyard eig i overkant av 50%, samt Havyard IAS og Havyard Concept Bridge™.

- Vi har utvikla eit skip som har innfridd krava både frå rederiet og dei som skal bruke båten. Vi har balansert det tekniske med det kommersielle og slik kunne vi vinne ein kontrakt i ein marknad med hard konkurranse. Skipet skal leverast til ESVAGT august 2019 og skal gå inn i ein kontrakt med det danske vindkraftselskapet MHI Vestas og betjene feltet OWF Deutsche Bucht, seier salsdirektør i Havyard Design & Solutions, Gisle Vinjevoll Thrane.

Samarbeidet mellom Havyard og ESVAGT har vore langvarig og langsiktig. Då kan vi også utfordre kvarandre og utvikle unike skip som Havyard 831 SOV, skriv selskapet i pressemeldinga. På bildet er salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Havyard og COO Kristian Ole Jakobsen i ESVAGT. Foto: Havyard