Måndag selde reiarlaget ”Seven Havila” til Subsea 7. Den transaksjonen gav en likviditetseffekt på 150 millionar kroner for Havila Shipping. I dag vart det flagga ein emisjon på 200 millionar kroner til kurs 24 kroner per aksje.
Nettoen frå emisjonen (netto emisjonsprovenyen) vil bli nytta som eigenkapitaldel når reiarlaget no kjøper tilbake dei to ankerhandteringsfartøya "Havila Mars" og "Havila Mercury" for ein opsjonspris på 793 millionar kroner. I tillegg skal den nye kapitalen nyttast til generelle selskapsformål.
– Transaksjonane dei siste dagane, med salet av våre 50 prosent i ”Seven Havila” og emisjon og kjøp av AHTS-ane ”Havila Mars” og ”Havila Mercury”, er både samla sett og kvar for seg gode og framtidsretta, understrekar administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping ASA. Han legg til:
– Transaksjonane vil gi selskapet styrkt likviditet og auka driftsmargin utan at gjeldsgraden aukar.
Njål Sævik har tidlegare understreka at det fremste målet hans for selskapet er å komme så raskt som muleg tilbake til ein situasjon der det vil bli utbetalt utbytte til aksjonærane.
Sævik vil onsdag klokka 1300 svare direkte på spørsmål frå alle på selskapets heimeside www.havila.no, under Njåls Corner