Det er Dagens Næringsliv som har fått utarbeidd ein modell som viser kva ekspertane i DNB og Eiendomsmegler 1 meiner vil skje med bustadprisane i kvart enkelt fylke kring om i Norge. Ifølgje modellen vil til dømes eit hus som i dag ligg utanfor Ålesund, som er verdt akkurat 2 millionar, stige i verdi med mellom 2 (DNB) og 4 prosent (Eiendomsmegler 1). Det vil med andre ord gi ein verdi på minimum 2.040.000 kroner og maksimalt 2.080.000 kroner, om ein skal tru ekspertane.

I fylket i sin heilskap trur selskapa prisveksten vil ligge på i snitt mellom 3 og 4 prosent.