Boreriggen Island Innovator ligg framleis til kai på ved Askøy utanfor Bergen. I februar gjorde eit uhell at riggen tok inn vatn, og ferdigstillinga av riggen vart utsett.

No melder Dagens Næringsliv at riggen framleis ligg til kai, og at eigarane har hatt 450 millionar kroner i ekstrakostnader som følgje av hendinga.

Det er selskapet Marine Accurate Well (Maracc) som eig riggen. Ulstein-reiarlaget Island Offshore er den største aksjonæren i Maracc med ein eigardel på 30 prosent.

Det er Odfjell Drilling som skal stå for drifta av riggen.

- Vi jobbar hard og målretta for å få den ut på havet, sier styreleiar Øyvind Lund i Maracc til Dagens Næringsliv.

Eigarane har ifølgje DN framleis trua på at riggen blir lønnsam når den kjem i drift.