Havyard Group legg no ned designkontoret i Stavanger, og permitterer dei fleste tilsette ved verftet i Leirvik i januar. Bakgrunnen for denne avgjerda er lågare aktivitet. Det skriv Nett.no.

- Vi tek grep for å trimme organisasjonen til ei ny verkelegheit, seier konsernsjef Geir Johan Bakke til Nett.no.

20 tilsette ved designkontoret i Stavanger må no altså gå, og designaktiviteten skal frå no av samlast i Fosnavåg.

- Ein god del av slankeoperasjonen er alt tatt, mellom anna er 60 allereie oppsagt ved verftet i Leirvik. Totalt har vi kutta bemanninga i Norge med rundt 100 tilsette. Ved verftet er det størst kutt, men også innan design og elektro vert det færre tilsette, seier Bakke til same nettstaden.

Kvartalstala for Havyard Group blei lagt fram fredag, og dei viser som venta redusert inntening. Det er likevel eit pluss å spore, meiner Bakke.

Han meiner tala hadde sett langt betre ut om ein hadde valt å permittere i staden for å seie opp folk.

- Frå januar neste år vil vi få resultateffekt av dei grepa vi har gjort, seier Bakke.