Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (FrP) gjestar førstkomande måndag Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik. Der vil han samtale om IA-avtalen som Regjeringa og hovudorganisasjonane i arbeidslivet skreiv under 4. mars i år. Intensjonsavtalen for eit meir inkluderande arbeidsliv gjeld fram til 31. desember 2018.

Det vert også tid til ei omvisning på Rolls-Royce for statsråden i løpet av den dryge timen besøket varer.

Før på dag har Eriksson vore i Ørsta for å opna det nye felles Nav-kontoret for Ørsta og Volda.