Men dagleg leiar Ingar Teigene understrekar at det ikkje har vore noko opprivande brot. Expert har vore profesjonelle i avviklingsprosessen. Gode røynsler med Expert gjorde skiftet vanskeleg.

– Samarbeidsavtalen har gått over femårsperiodar. I samband med at vi skulle fornye avtalen, starta vi ei sondering i marknaden, og då dukka det opp eit svært interessant tilbod frå Lefdal Elektromarked, forklarer Teigene.

– Han grunngir skiftet med eit breiare vareutval og lågare prisar.

I alle prisgranskingar som har vore gjort av uavhengig presse sidan august i år, er det Lefdal Elektromarked som kjem best ut på pris.

Aggressive på pris

Administrerande direktør Trond Samuelsen i Lefdal Elektromarked slår fast at selskapet er svært aggressive på pris. I administrasjonen startar arbeidsdagen med å sjekke prisane til konkurrentane. Mottoet er alltid billig, nøgde kundar og den lågaste prisen i marknaden.

Garantiane står ved lag

Hareid Elektriske Handel har selt store mengder brune- og kvitevarer gjennom Expert, og Teigene poengterer at kundane ikkje skal uroe seg over servicen på desse varene i framtida.

– Dei er kjøpte hos oss, og garantiane og servicen på desse varene står sjølvsagt ved lag. Ja, målet er å auke servicegraden gjennom betre logistikkløysingar og meir rasjonaliserte system.

Noko anna er at i samband med overgangen til Lefdal Elektromarked, vil Hareid Elektriske Handel ha ei mengde varer på tilbod. Butikken skal ryddast for nytt varesortiment i tida framover.

– Vi skal kombinere namnet til Noregs sterkaste elektrovaremerke med lokal identitet og kompetanse, seier Teigene.

Elkjøp i Fosnavåg

Hareid Elektriske Handel driv også butikk i Fosnavåg, og denne går til same tid over frå Expert til Elkjøp.

Teigene forklarer dette med at Lefdal Elektromarked ikkje går i samarbeid med butikkar under 1000 kvadratmeter, og at lokalet deira i Fosnavåg er 280 kvadratmeter.

I Saunesmarka vil overgangen til Lefdal skje i to steg. Første steget startar med det aller første, og inneber at det vil vere ein del handverkarar i butikken. Men endringane skal vere godt synleg til julehandelen startar for fullt, og Teigene lovar ein fin opningsfest. Alt i neste veke vil dei første varene frå Lefdal Elektromarked sitt sortiment kome inn i butikken.

Andre trinn skal vere fullført i løpet av dei første månadene av 2011. Då skal kundane ikkje vere i den minste tvil om kva merkebutikk dei kjem inn i.

Større utval

Spesielt innan lyd og bilete, underhaldning og data vil vareutvalet blir større enn i dag.

Hareid Elektriske Handel i år budsjettert med ei samla omsetjing for butikkane i Saunesmarka, Furene og Fosnavåg på 85 millionar kroner (eks. meirverdiavgift).

Samuelsen meiner Hareid Elektriske Handel har vist seg å vere eit litt uredd selskap.

– Dei har vilje til å satse, tenke nytt. Den som skal overleve i denne bransjen må kunne snu seg om raskt. Kundane sine krav til produkta har auka, og det same har forbruket av elektriske produkt.

Avdelingsleiar Einar Johan Elvanes har jobba i Hareid Elektriske Handel i 28 år. – No skal vi oppgradere servicenivået vårt, lovar han.