Kvartalsresultatet på 120 millionar kroner er 2 millionar kroner under resultatet til same tid i 2015. Banken har no ein forvaltningskapital på over 60 milliardar kroner.

Administrerande direktør, Olav Arne Fiskerstrand, fortel at Sparebanken Møre hevdar seg i ein tøff marknad.

Marknaden er prega av tøff konkurranse, både for utlån og innskot. Sjølv om vi registrerer ein noko lågare utlånsvekst i årets tre første månader, er vi nøgde med ein vekst på 6,8 prosent i personkundemarknaden dei siste 12 månadane. Det bekrefter at vi er eit konkurransedyktig og prioritert val, seier Fiskerstrand.

Sparebanken Møre kan også vise til ein innskotsvekst på 4,4 prosent det siste året. Ved utgangen av 1. kvartal utgjorde innskot som andel av utlån 57,8 prosent.

Låge offshore/supply-tap

Bankdirektøren viser også til krisa i offshore/supply-næringa, som Sparebanken Møre ikkje er spesielt tungt inne i.

– Vi driv kostnadseffektivt, og har låge tap. Ettersom berre 2,2 prosent av utlånsportefølja vår er knytt til offshore/supply, forventar vi at tapsnivået vil halde seg lågt også i tida framover, seier Olav Arne Fiskerstrand.

Han legg til at fleire næringar i fylket opplever tiltakande aktivitet, og nyt godt av blant anna ein svak kronekurs og eit vedvarende lågt rentenivå.