Han let seg begeistre av verksemda si målretta satsing på å minske vassbruken. Eit Jets-toalett nyttar nemleg 90 prosent mindre vatn enn eit vassklosett.

- Vi er veldig opptekne av å både kutte klimagassutsleppa, berge miljøet og skape norske arbeidsplassar. Og akkurat her har Sunnmøre, og til dømes Hareids-verksemda Jets mykje å bidra med. Jets er eit veldig godt eksempel. Vassmangel er eit av dei store globale klima- og miljøproblema. Også i Norge finnast det område der det er plass på vassressursane, seier Helgesen og legg til:

- Jets si løysing sparar det aller meste av vatnet. Teknologien deira vil potensielt kunne ha stor påverknad på ein av dei viktigaste ressursane vi har, og det står det stor respekt av. Kva skulle Norge gjort utan Sunnmøre? Det er mykje godt som kjem herifrå!

Grøn skipsfart

Helgesen var også på NTNU Ålesund og opna skuleåret for studentane der, men tok seg altså ein tur med hurtigbåten sørover til Hareid for å besøke Jets. Vikebladet Vestposten møtte ministeren då han tok båten frå Hareid til Valderøya, for å nå flyet sitt tilbake til Oslo.

- Noko som faktisk også er å tenkje over, er at den båten vi sit på no, er produsert med det siste innan miljøvenleg teknologi. Fiberplastskroget kuttar utslepp med 40 prosent berre det, seier Helgesen og legg til:

- Vi har stor satsing på grøn skipsfart framover, og det er flott å sjå noko av det som har kome på plass i praksis.