Det er oljeanalytikar Torbjørn Kjus i DNB Markets som meiner oljenedturen ikkje vil vare så lenge.

- Det er eit negativt signal, men i løpet av eit par månader er oljeprisen tilbake på eit høgare nivå enn før helga, sa Kjus til NRK.

Han var til stades under OPEC-møtet i Quatar, der landa ikkje blei einige om å fryse oljeproduksjonen for ein periode.

Etter det mislukka møtet datt oljeprisen med 2,23 dollar fatet, då børsen opna i Asia måndag.