Ifølgje E24 er det Nordea som har pant i dei tre skipa «Olympic Hera», «Olympic Commander» og «Olympic Poseidon». For ifølgje Skipsregisteret har Nordea registrert pant på 965,7 millionar kroner på dei tre skipa. Attståande gjeld knytta til fartøya kan vere lågare enn dei pantsette beløpa.
«Olympic Hera», «Olympic Commander» og «Olympic Poseidon» blei bygd i høvesvis 2009, 2012 og 1998. Panten i dei tre skipa er på høvesvis 500 millionar, 315,7 millionar og 150 millionar kroner.
Nordea har til no ikkje ønska å uttale seg i denne saka.