Arbeidet med fyrste byggetrinn på det nye bustadkomplekset "Larsnes Brygge" er godt i gang.

- Det går så absolutt etter planen. Vi får opp bindingsverket og takkonstruksjonen i løpet av ein månads tid, så arbeidet med dei seks fyrste leilegheitene er med det godt i gang, seier prosjektleiar i Rise Bygg AS, Peter Rise.

Les også: Storstilt samarbeidsprosjekt på Søre

Les også: Brukar "Hareidsmodellen" på Larsnes

Salet av leilegheiter har derimot ikkje vore heilt som forventa, men Rise og dei andre som står bak dette storstilte prosjektet har trua på at første byggetrinn vil bli god reklame for vidare sal.

- Vi har moglegheita til å bygge i alt 18 leilegheiter. Salet har ikkje vore optimalt til no, men dette er eit nytt og annleis bygg, og eg trur når folk får sjå den første delen ferdig, vil fleire få lyst til å kjøpe seg ei eining. Eit stort pluss er også den fine promenaden og at det er full tilkomst til sjøen på framsida av bygget, seier Peter Rise.

Samarbeid over kommunegrensene

Prosjektet er eit samarbeid mellom mange ulike aktørar frå kommunane på Søre. Bygga er teikna av Ulsteinvik-baserte Sporstøl Arkitekter AS, medan det blir sett opp av Hareid-baserte Rise Bygg AS. I fjor stod Hareid Eiendomsutbygging for utfyllinga av sjøarealet, med 10.000 kvadratmeter stein. Bak selskapet står Peter Rise i Rise AS, Bjørn Bjåstad, Bjåstadbakken AS, Bjørn Teigene, Jeasimo AS og Torgeir Ringstad i Rika Consult AS. Sande kommune og Sande Næringsforum har frå starten av vore pådrivarar bak prosjektet.

Leilegheitene er mellom 83 og 90 kvadratmeter, og prisen ligg på mellom 3 til 3,4 millionar kroner.