Det er Kongsberg Gruppen som opplyser om tilsettinga av Lisa Edvardsen Haugan i ei pressemelding måndag. Haugan tek over etter Egil Haugsdal, som har leia Kongsberg Maritime sidan 2016.

Haugsdal held fram som administrerande direktør i Kongsberg Maritime inntil Edvardsen Haugan byrjar i jobben, seinast 1. november.

Edvardsen Haugan har lang og brei leiarerfaring frå både forsvar og sivil verksemd i Kongsberg Gruppen, inkludert å ha vore finansdirektør i Kongsberg Maritime og Kongsberg Protech Systems. Ho leiar i dag divisjonen Deck Machinery & Motion Control i Kongsberg Maritime.

– Etter ein grundig og omfattande prosess for å rekruttere ny leiar i Kongsberg Maritime er eg no veldig fornøgd med at Lisa har takka ja til oppgåva. Ho har hatt fleire nøkkelroller og utgjort ein forskjell for selskapet i mange år. Lisa har lang internasjonal erfaring og kjenner Kongsberg Gruppen og våre industriar inngåande. Blant mange dyktige kandidatar er eg nøgd med at vi fann den beste kandidaten i eigne rekkjer, seier konsernsjef i Kongsberg Gruppen, Geir Håøy.

Vekependlar til Sunnmøre

Edvardsen Haugan har mellom anna spelt ei betydeleg rolle for integrasjonen og omstillinga av Commercial Marine, Kongsberg Gruppen sitt største oppkjøp nokosinne. Kongsberg Maritime har dei siste åra hatt ein betydeleg vekst og har i dag over 7.000 tilsette fordelt på lokasjonar i heile 32 land.

Den nye direktøren kjem opphavleg frå Harstad, men har budd i Kongsberg i mange år – og vekependla til Sunnmøre dei siste åra.

Takkar av Haugsdal

Under Egil Haugsdal si leiing har Kongsberg Maritime vist til gode resultat, fått fram fleire verdsleiande innovasjonar og vore ei drivkraft både globalt og i den norske maritime klynga, meiner konsernsjef Geir Håøy.

– Eg vil nytte høvet til å takke Egil for godt samarbeid og gode resultat som leiar for Kongsberg Maritime. Under Egil si leiing dei siste seks åra har Kongsberg Maritime blitt dobla i storleik og styrka sin verdsleiande posisjon innanfor blant anna grøn skipsfart, undervassteknologi og havvind. Egil vil tre inn i ei ny leiarrolle i konsernet, noko som blir nærmare annonsert om kort tid, avsluttar Håøy.