I eit intervju med næringslivsportalen Nett.no spår den profilerte oljeanalytikaren Thina Saltvedt i Nordea Markets at oljeprisen vil auke igjen, og at etterspurnaden etter oljen vil dempast som følgje av ny teknologi.

Saltvedt spår at oljeprisen neste år vil ligge på rundt 60 dollar fatet, med 66 dollar fatet i snitt i fjerde kvartal 2017. Dette mot kring 43 dollar fatet, slik det ligg an no.

- Eg trur botnen er nådd, seier Thina Saltvedt til Nett.no.

Lengre fram i tid trur ho blant anna betre batteriteknologi og 3D-printing vil vere med på å gjere behovet for bilar på fossilt brennstoff og behovet for transport mindre.