Det har gått raskt sidan det britiske storkonsernet Rolls-Royce i midten av oktober i fjor annonserte at dei ville satse 40 millionar kroner på å byggje ut kapasiteten for ettermarknaden ved propellfabrikken i Ulsteinvik.

Ein mild vinter gjorde sitt til at arbeidet med å lage til asfalt på utearealet på enorme 7.000 kvadratmeter gjekk veldig bra, samt at oppføringa av eit stort telt for innandørs lagring gjekk etter planen.

Den ikoniske høghallen er ferdig vaska ned og måla på nytt igjen, og det var då berre dei to traverskranene, to veggløpekraner og nytt akrylgolv som mangla før arbeidet med traverskranene tok til tysdag denne veka. Sjølv om det også skal opp ein såkalla testjigg til desember i år, blir hallen klar til bruk i midten av juni.

– Vi er så heldige å ha ein god leverandør av slike kraner heilt i nærleiken, Konecranes, og det har vore ein god prosess for å få på plass desse nye kranene, seier Stig Aksel Moldskred, HMS-manager for Rolls-Royce Marine Services i Ulsteinvik.

– Dette har vore ein stor og viktig leveranse for oss. Eit av dei største sala for oss i førre driftsår, seier distriktssalsjef i Konecranes, Asle Johansen, til Vikebladet Vestposten.

Millimeterpresisjon

Stig Aksel Moldskred, fleire tilsette frå Konecranes og tilsette frå Hjørungavåg transport såg til at kranelementa blei frakta inn i hallen, og det med millimeterpresisjon. Frå eit relativt lite hol i taket senka føraren av den store mobilkrana til Peab K. – Nordang ned krokane, som karane frå Konecranes festa rundt dei store bjelkane. Kvart og eitt av dei fire elementa, eller dragarane, vog 13 tonn, og blei løfta opp på skjenene, 22 meter over bakken. Høghallen er 28 meter oppunder taket. Dei fire dragarane blei så sett saman til to traverskraner, og påmontert heisverk.

– Det er i alt fire heisverk på desse to traverskranene, med ein løftekapasitet på 80 tonn på kvart av heisverka. Dette gjer at vi no mellom anna har kapasitet til å løfte 160 tonn tunge thrusterar. I og med at vi har to 80-tonnstaljer på kvar kran, gjer at vi også kan snu ting. Så blir det i tillegg eitt hjelpeløft på kvar av kranene, med ein kapasitet på 10 tonn, fortel Moldskred.

Fullspekka med teknologi

Kranene er fullspekka med ny teknologi og er godt tilpassa arbeidssituasjonen ved Rolls-Royce-fabrikken i Ulsteinvik, meiner Konecranes-salssjefen.

– Både heis-, bru- og kattkøyringa på kranene er frekvensstyrt. Ein har med det trinnlaus køyring opp til maksfart. Så har vi også eit system på heisefunksjonen som gjer at motoren bremsar opp om det blir naudsynt. På denne måten kan ein gjere justeringar på nokre få millimeter om ein det vil. I tillegg har vi påmontert eit modem som meldar ifrå til Konecranes sin base i Finland, på korleis krana opererer, og om ho treng service eller vedlikehald. Dette er også sjølvsagt informasjon Rolls-Royce har tilgang på, seier Asle Johansen.

Video/redigering ved Ole-Ottar Høgstavoll.

Sjå video i toppen av saka.

Kvart av dei fire kranelementa, eller dragarane, blei frakta inn i hallen med lastebil, og heisa 22 meter opp og plassert på skjenene. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.