I januar fekk Hordaland fylkeskommune ansvaret med å leie eit felles omstillingsarbeid for fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Rogaland og Agderfylka, skriv NRK. No skal oljenæringa snu seg både mot utlandet og til andre næringar.

– Oljenæringa er svært utsett no, og difor har dei fått totalt 20 millionar kroner på tvers av fylkesgrenser for å jobbe for å ta vare på kompetanse og bidra til omstilling, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun til NRK.

I fyrste omgang er det tildelt 14 millionar kroner til bedrifter og klynger langs kysten i Sør-Noreg for å sikre arbeidsplassar. Den største delen av potten blir gitt til Intsok, ei gruppe som jobbar for å hjelpe norske bedrifter til internasjonale marknader. Dei får fem millionar kroner som skal bli brukt til tiltak i alle seks fylka.