Det blei for nokre dagar sidan gjort kjent at Østensjø Rederi flaggar om konstruksjonsskipa «Edda Fauna», «Edda Flora» og «Edda Fonn» frå NOR-registeret (Norsk Ordinært Skipsregister) til NIS-registeret (Norsk Internasjonalt Skipsregister). Dette grunna låge rater. Det var hnytt.no som skreiv om denne saka først.
Forskjellen på NOR-registeret og NIS-registeret er at førstnemnde stiller krav til norske lønns- og arbeidsvilkår for samlege om bord, medan NIS-registrering omfattar krav om slike vilkår for minimum 12 av mannskapet, to av desse opplæringsstillingar.
Rundt 40 tilsette i selskapet vil misse jobben som følgje av omflagginga.
No kan reiarlaget også melde at Kleven Verft sitt nybygg «Edda Freya» skal flaggast om. Det blir ikkje Malta-registrert, slik som planlagd, men i staden NIS-registrert. Eit anna Østensjø-skip, «Edda Ferd», blir også flagga om frå Malta til NIS.
- Dette vil sikre dei norske arbeidsplassane, samt nye opplæringsstillingar, seier adminsitrerande direktør i Østensjø Rederi, Kenneth Walland, til hnytt.no.
Regjeringa sin nye maritime strategi opnar for nye moglegheiter, også under NIS-flagg, meiner direktøren. For frå og med starten på mars i år tillèt regjeringa norske konstruksjonsskip å stå i nettopp NIS.
– NIS-skip kan i utgangspunktet ikkje operere på norsk sokkel, men i den nye strategien blei det gjort unntak for konstruksjonsskip, seier Walland.