I Møre og Romsdal utgjer offshorereiarlaga meir enn ein firedel av den samla verdiskapinga i distriktet. I enkelte kommunar, som Herøy, Haram og Ulstein, står den maritime offshoreklyngja for over 60 prosent av verdiskapinga, kjem det fram av ein økonomisk gjennomgang Menon har gjort for Rederiforbundet. Det skriv Dagens Næringsliv.

Og det stoppar ikkje der. Ifølgje rapporten er det forventningar om at verdiskapinga og sysselsettinga vil halde fram å vekse i åra framover, på grunn av aktiviteten på norsk sokkel og vekst i offshoreregionar elles i verda.

Klyngja av offshoreserviceselskap i Møre og Romsdal står for 25 prosent av den totale verdiskapinga i bransjen i Noreg. 30 prosent av dei knappe 16.000 arbeidsplassane innan næringa finn du akkurat i dette fylket, skriv avisa.

Stor vekst i offshorenæringa

Veksten i offshore servicenæringa er mangedobla dei siste åra. Den norske offshoreflåten er no den mest moderne i verda, og den nest største etter flåten til USA.

På oppdrag frå Rederiforbundets Gruppe for Offshore Servicefartøyer, har konsulentselskapet Menon Business Economics gått gjennom utviklinga i offshorebransjen, skriv Dagens Næringsliv. Tala viser ein sterk vekst frå 2011 til 2012, både når det gjeld driftsinntekter, verdiskapning og talet på tilsette. Auken har vore spesielt sterk innan seismikk og subsea konstruksjon. Sidan 2004 er tala for driftsinntekter og verdiskapning meir enn firedobla. Talet på tilsette er meir enn dobla desse åra, skriv DN.

Over halvparten av driftsinntektene blir i dag henta utanfor norsk sokkel. Det er spesielt Asia, Latin-Amerika og Afrika som er dei viktige marknadane. I Brasil er kvart fjerde offshorefartøy kontrollert av norske reiarlag.

Ifølgje Menon er marknadsverdien på dei rundt 600 skipa den norske flåten består av i dag, over 230 milliardar kroner